...

Kultur

På desse sidene vil vi presentera forfattarar, musikarar, visesongarar og kunstnarar her frå Nordhordland. Blant anna ynskjer vi å presentere nokre ukjende og kanskje gløymde kulturpersonlegdomar. Dersom du har tips om nokon som bør trekkjast fram her, eller har tilleggsopplysningar som bør koma med, så ta kontakt med oss.

GLIMT FRÅ KULTURLIVET

Del 6 : Katharina Saltnes

Katharina Saltnes (1862-1945) frå Saltnes på Lindås var ukjend for dei fleste, men har fått ny merksemd dei siste åra, etter at Asbjørn Åsgard skreiv ei bok om kunstnaren i 2001. Katharina var både treskjerar og bilethoggar, og i Lindås kyrkje er det 10 marmorbilete som ho har laga.

Katrine-1.jpgKatharina hadde ikkje noko lett liv. Ho var berre sju månader gamal då mora døydde, og då ho var 4 år fekk ho poliomyelitt og vart kraftlaus i venstre sida og foten. Dermed laut ho gå med krykke resten av livet. Vegen frå Saltnes til Lindås gjekk helst i båt, og det vart for tungvint å få henne til og frå skulen. Dermed fekk ho lite skulegang, men måtte læra seg å lesa heime. Som 15-åring gjekk ho for presten, hjå den kjende prosten Jakob Hveding (1810-1895), som var prest i Lindås i 48 år.

I 1878 og 1879 var Katharina lærarinne med ansvar for krinsane Rødland, Askeland og Veland. Ho var den fyrste kvinnelege læraren i prestegjeldet, ja, kan hende på heile strilelandet. I 1883 gjekk ho eit tre månaders praktisk kurs på Lindås Amtsskole, med saum og veving som fag. Ho gjekk så i skreddarlære, og deretter eit par år på den tekniske kveldsskulen i Bergen, der ho lærde teikning. Så gjekk ho i lære hjå den kjende treskjeraren Lars Kinsarvik i Hardanger. På ei liste over 50-60 lærlingar hjå Kinsarvik, er Katharina den einaste kvinna.

Katharina fekk nokre små stipend, og slik kom ho seg til Kristiania (Oslo), der ho var elev ved Statens Kunst- og Handverksskule. Bilethoggaren Skeibrok var hennar læremeister, og under hans påverknad gjekk ho igang med modellering. Etter fire år i Kristiania drog ho til Stockholm og Den Tekniske Skolen der. Ei tid fekk ho bu i heimen til fru statsminister Gram, og ho vart invitert til slottet der ho fekk helsa på kong Oscar II, truleg kring 1898. Kongen hadde kjøpt ein utskoren ølbolle som ho hadde laga. Katharina budde og arbeida ei tid i Eksingedalen, men kom attende til Lindås og busette seg der tidleg på 1900-talet.

Katharina måtte kjempe mot sjukdom og fattigdom. At ho var kvinne og attpåtil kunstnar gjorde nok heller ikkje vegen lettare for henne. Det var nok mange som ikkje forstod å verdsetje det ho gjorde. Men ho fekk Kongens fortenestmedalje i 1936, så nokon hadde lagt merke til henne. «Hennar kunstnargivnad, karakter og energi er noko heilt eineståande», skreiv biskop Fleischer i brevet til kongen, då det vart søkt om medaljen.

Katharina hadde sterke historiske og nasjonale kjensler, noko som kjem sterkt fram i treskjerararbeidet hennar. Og ho var ei kristen kvinne som nytta motiv frå kyrkjesoga og salmediktinga. Ho såg på sine kunstnarevner som noko Gud hadde gjeve henne, og at det var hans vilje at ho skulle bruka desse evnene.

I Asbjørn Åsgard si bok om Katharina Saltnes, som kom ut på Nordhordland Forlag i 2001, kan vi studere mange av Katharina sine vakre kunstverk i tre og marmor, på bileta som fotograf Svein Hauge har tatt. Marmorrelieffa i Lindås kyrkje, som er av kjende salmediktarar og komponistar, er også attgjeve i den svært flotte boka.

Kjelde : «Katharina Saltnes – for de uberømte», av Asbjørn Åsgard med foto av Svein Hauge, Nordhordland Forlag 2001. Bilete frå digitalarkivet/uib.no

20/03/10

Del 5 : Kristian Matre

Kristian Matre (1877-1943) vart fødd på garden Kleiven i Myking (Lindås) i 1877, men allereie i 1884 flytta familien til Mjølkeråen i Åsane. Sjølv om Matre i sitt vaksne liv budde i Skien, er han ein typisk heimstaddiktar som skreiv om livet på strilelandet. I Nordhordland har det ikkje vore så mange av dei.

ScannedImage-4.jpgForeldra til Kristian Matre kom opphaveleg frå Masfjorden, og sjølv om han levde sine fyrste barneår i Lindås, var han nok mykje meir knytta til Masfjorden og slekta si der. I si ungdomstid ferierte han mykje i desse traktene. Då han var 15 år gamal byrja han på Garnes folkehøgskule, og her var det han skreiv dei fyrste småforteljingane. Han arbeida også ei tid i spinneriet på Salhus Tricotagefabrik, før han gjekk underoffiserskulen. Seinare arbeida han hjå fleire bokhandlarar, var forretningsførar i ei avis og hadde også eiga handelsverksemd. I tillegg var han politisk aktiv.

Debutromanen «Folkje i Botn» kom ut i 1926, då Matre var 49 år gamal, og tre år seinare kom «I bast og band», som også handlar om folket i Botn. Etter det kom det i åra 1930-1933 ein romantriologi om folket på Rabben : «Denne jammerdal», «Den harde striden» og «Millom eldar» var tittelen på desse bøkene. I 1934 kom så den siste romanen, «Det nye bodet», der han skil lag med bondelivsskildringa og det historiske. Han skreiv på to andre romanar, men desse vart aldri utgjevne. Kristian Matre døydde i 1943.

Handlingane i Matre sine fem fyrste bøker er lagt til Mjølkeråen og dei vestlege delane av Åsanehalvøya, sjølv om forfattaren ikkje nyttar dei rette namna på plassane han skildrar. Når han skriv om Botn er dette visstnok Slettestølen, litt sør for Mjølkeråen. Bøkene om folket i Botn skildrar tida på slutten av 1850-talet. Romantriologien om folket på Rabben byrjar også med den same tida, men flyttar seg raskt til siste halvdel av 1860-talet, så 1870-talet og til sist 1880-talet.

Matre skildrar folk og miljø, og er opptatt av religiøse og moralske forhold. I sine folkelivsskildringar er han påverka av psykoanalysen. I dag har bøkene fyrst og fremst historisk og kulturhistorisk interesse.

Kjelde og foto : "Frå Fjon til Fusa" (Årbok for Nord- og Midhordland Sogelag)1956 og 1957 : Hovudfagsoppgåve i norsk til språkleg-historisk embetseksamen, av Olav Hetlevik.

14/03/10

Del 4 : Ivar Kårdal

Ivar Ivarson Kårdal (1845-1928) frå Lindås skreiv ialt eit par hundre songar og viser. Mange av dikta stod på trykk i ulike aviser og blad.

ScannedImage-2.jpgIvar Kårdal var gardbrukar, og i tillegg mykje med i kommunalt arbeid i heimkommunen. Fråhaldssaka og målsaka var andre av "Kårdal'n" sine hjartesaker. Han var også ein av initiativtakarane då Lindås ungdomslag vart skipa.

I sin ungdom var Ivar fritenkjar, men då ein meiningsfrende tok livet av seg, vende han om til Gud. Nokre av dikta hans hadde eit kristent innhald, og han tala sjølv på kristne oppbyggingsmøte. Å vera visediktar og kristen forkynnar var ein uvanleg kombinasjon på den tida.

Ivar Kårdal sine dikt kunne kjøpast av omreisande kremmarar for 10 øre stykket. Idag er det ikkje så lett å få tak i desse dikta lenger, men i Lindåskalendaren 2010 finn du ein del av hans dikt på kalendarsidene!

For oss idag har dikta dessutan historisk interesse, både på grunn av dialektorda og fordi dei skildrar dagleglivet på den tida.

Kjelde og foto : Strilesoga, band 4, Atle Døssland og Karl Egil Johansen (Diktet "Fatigmannen" er attgjeve i boka). Eide forlag.

07/12/09

Del 3 : Haldis Reigstad

Haldis Reigstad vart fødd 18.november 1939 i Samnanger, og er sidan 1996 busett på Frekhaug i Meland. Ho er ein av våre mest leste og folkekjære lyrikarar.

Haldis Reigstad.jpgHaldis debuterte i 1987 med diktsamlinga «Under ein open himmel», på eige forlag. Seinare har bøkene kome ut på Sambåndet Forlag, og det har vorte mange diktsamlingar. Fleire av dikta har vorte tonesett og har kome med i Salmeboka og i sangbøker. Den mest kjende salmen er «Tett ved sida mi går Jesus», med melodi av Gunstein Draugedalen. Dette diktet er også omsett til skandinaviske språk og hebraisk.

Haldis skriv enkle kvardagsdikt, ofte med ein kristen bodskap. Ho hentar inspirasjon frå Guds ord, frå mellommenneskelege forhold og frå naturen. For det meste brukar ho nynorsk, men det er også nokre dikt på bokmål. Forma er enkel og lett forståeleg.

Her er eit oversyn over diktsamlingane : «Under ein open himmel»(1987). «Ved kjelda»(1989). «Roser i snø»(1992). «I di hand»(1994). «Leirkrukka»(1995). «Kvilesteinen»(1996). «Fotefar»(1998). «Solstreif»(1999). «Ein liten tone»(1999; CD med dikt og musikk). «Solstreif i kvardagen»(2000). «Solstreif ved juletid»(2000). «Solstreif gjennom tårer»(2001). «I stilla og tillit»(2003; CD med kristne songar). "Guds lampe brenn"(2003; andaktsbok og dikt). «Jordbærhagen»(2004; barnebok). «Undring»(2006). «Demring»(2007; dikt og musikk). «Himmeltonar»(2008). «Livsveven»(2009).

Kjelde : Artikkel i avisa "Dagen" 22.mai 2007 (Andreas Vistnes), m.fl.

Foto frå http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=3905

16/11/09

Del 2 : Olav Nygard

Olav Nygard vart fødd 10.juli 1884, på fjellgarden Nygard i Modalen. Garden ligg der fire dalar møtest og dannar ein kross, og difor heitte det Krossen der i eldre tid. Dette namnet er framleis i noko bruk.

Olav Nygard.jpgOlav var den nest yngste i ein syskenflokk på 10. Han jobba på garden og var dessutan nevenyttig og flink med trearbeid. Blant anna laga han feler, og han spela sjølv også. Tidleg byrja han å skriva, og diktet «Lilja» stod på trykk i Norsk Barneblad allereie i 1900.

I 1908 flytte Olav Nygard til hovudstaden, der han og kona Rakel levde i tronge kår. Den fyrste diktsamlinga, «Flodmål», kom i 1913. Same året fekk han tuberkulose. Han kom seg att då, men vart sidan sjuk att.  I 1914 og 1915 kom det nye diktsamlingar : «Runemål» og «Kvæde». Han omsette også dikt til norsk, av forfattarar som Shakespeare, Keats og Robert Burns. Si siste diktsamling, «Ved vedbande», gav han ut i 1923.

Lyset er viktig i Nygard si dikting, inspirert av det han kunne sjå i og frå fjella rundt Krossen. Hans naturskildringar er gjerne metaforer for eigenskaper og tilstander i sjela. Mange av dikta var prega av tungsinn, og han skreiv om døden. I tillegg var ordbruken og biletbruken uvand og framand. Dette gjorde nok sitt til at få kjøpte bøkene hans. Men han vart samanlikna med dei største norske lyrikarane.

Julaftan 1923 kom det brev frå Arne Garborg, som hadde lest «Ved vedbande». Han takka for «det finaste me har av lyrikk på norsk». 11.februar 1924 døydde Olav Nygard, før han hadde fylt 40 år. Han er gravlagt på Østre Aker kirkegård, og på Mo vart det i 1932 reist ei minnestøtte over diktaren.

Lyrikaren og skodespelaren Claes Gill har sagt at dersom Nygard hadde skrive på eit verdsspråk, så ville han hatt rang som ein av verdslitteraturens store lyrikarar.

Kjelde : «Vennlige Vestlandsfjell», DNTS årbok 2007, artikkel av Torill Refsdal Aase, m.fl.

Bilete : Olav Nygard

09/11/09

Del 1 : Aslaug Låstad Lygre

I år er det 100 år sidan diktaren Aslaug Låstad Lygre vart fødd. Ho var frå Lindås, og er rekna som ein av våre største lyrikarar i etterkrigstida. Det mest kjende av dikta hennar er «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», tonesett av Geirr Tveitt.

Aslaug L Lygre.jpgAslaug Låstad Lygre vart fødd i Lindås 12.desember 1910. Ho debuterte med diktsamlinga «No blømer alle rosene» i 1943. I diktsamlinga «Eld av steinar», som kom ut i 1948, finn vi diktet «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta». Det vart til på Luster sanatorium, der Aslaug måtte vera ei tid etter å ha fått den frykta sjukdomen tuberkulose, og der ho budde saman med døande menneske. Til tone av Geirr Tveitt har fleire visesongarar gjort dette diktet kjent og kjært for heile det norske folk.

Det eigentlege gjennombrotet for lyrikaren kom med den neste diktsamlinga, «Den einsame roaren», i 1952. Diktet om roaren har sitt utgangspunkt frå Lindås. Rutebåten til Vågseidet gjekk gjennom Haukåsstraumen, og lyktene måtte vera kveikte om kvelden for å vise leia gjennom det smale sundet.

Fleire diktsamlingar fylgde : «Rit di rune» i 1957, «Fest i september» i 1960 og «Primulakveld» i 1964. Dikta hennar er vakre naturskildringar med inspirasjon frå Nordhordland, og det er dikt om kjærleik, einsemd og dei små og nære ting i tilværet. Dikta kan også vera melankolske og prega av tungsinn, og ho skriv om dødens mysterium.

Aslaug Låstad Lygre fekk Statens kunstnarstipend i 1953, og Gyldendals legat i 1964, noko som gjorde at ho kunne reise ein del i Europa. Ho døydde i 1966, berre 56 år gamal. Ei minnestøtte vart reist på Lindås i 1982. Gyldendal gav ut hennar «Dikt i utval» i 1978, og «Dikt i samling» kom i 2005 (Norsk Bokreidingslag).

Kjelder : Arikkel i avisa Nordhordland : http://www.nordhordland.no/puls/article1524377.ece

,boka «Leia langs Norskekysten» av Anders Bjarne Fossen, Bodoni forlag 2007 og Wikipedia-artikkel på internett : http://no.wikipedia.org/wiki/Aslaug_Låstad_Lygre

Bilete : Aslaug Låstad Lygre

02/01/10/Oppdatert

...
Nordhordland Bibelsenter | Alvermarka 39
5911 Alversund | Tlf: 56 35 12 94 / 90 22 09 38 |
konto nr. 6529 05 14767 / konto nr. misjon 6529 05 14791
e-post : post@bibelsenter.no