
Aasmund Nordstoga
med bandet Abildsø spelemannslag
|
NYTT ALBUM 28. JUNI 2010:
”Friaren” - ein ny visebukett frå Aasmund Nordstoga 10. plass på VG-lista i veke 31! Kan den gamle, norske viseskatten gjerast aktuell og ”moderne”? Javisst, var svaret Aasmund Nordstoga ga med ”Ein visefugg”, ein cd som fekk så vel musikkjournalistar som det platekjøpande publikum til å sperre øyrene opp. ”Burlesk”, ”underfundig”, ”sprelske arrangement”, kunne ein lese etter lanseringa. Nå er storebror Nordstoga på ferde igjen. Med ”Friaren” går han enda djupare inn i den folkemusikalske arven, og Abildsø Spelemannslag følgjer opp med ”strengeleik” av aller beste merke og med heilakustiske arrangement som kling som skreddarsydd til Nordstoga og visene hans. Resultatet blir ein visebukett med stort trykk og mykje energi, men på same tid med plass til det mjuke og varsame, som i voggevisene. Konsertperiodar:- Oktober og november 2010 |
|
Ein Visefugg - 2009 I april 2009 platedebuterte Aasmund Nordstoga med albumprosjektet "Ein Visefugg" på Warner Music. Dette er ein fugg (bunke) gamle flotte viser, som Aasmund har samla inn i samarbeid med produsentane Jørund
Fluge Samuelsen og John Vinge. Dei to sistnevnte har også arrangert visene.
På plata spelar Abildsø spelemannslag: Åsmund Reistad (mandola og gitar), Sondre Meisfjord (kontrabass), Jørund Fluge Samuelsen (munnspel), John Vinge (ymse tangentinstrument), Daniel Sandén-Warg (feler) og Odd Nordstoga (gitar og trekkspel). I tillegg medverkar Tuva Livsdatter Syvertsen (Valkyrien Allstars), Marit Karlberg (kvedar frå Valdres), Storm Weather Shanty Choir (Shantykor frå Stord) og Gideon Andersson (spelemann frå Sverige) på enkelte songar.
Lytt til musikken på myspace-sida.
|
|




