...

 

Skuggen

 
Det er ein skugge som
alltid følgjer etter meg
om dagen for kvart eit steg eg tek
det er minne om deg
 
Eg freistar å springa ifrå
med å tenkja på andre ting
men eg alltid dreg det kortaste strå
og skuggen alltid vinn
 
Men i draumane mine om natti
då er du eit ljos som føre meg går
eit ljos som eg freista nå tak i
men som eg aldri når
 
For kvar gong – eg nære når deg att
forsvinn du og lufta er tom
lydlaust som når ein katt
sleikjer mjølkeskum

...