...

 

Vedhaugane på Vistdalskaia

 

JHI-kaia_aug09.jpg
Foto innsendt av Jon Helge Indbjør



Har studert litt på dei gamle bileta, spesielt artig var det å sjå biletet frå Vistdalskaia, truleg tatt av Alfred Ødegård. For meg er det vanskeleg å tidfeste biletet. Men eg meinar at eg bak naustet midt i biletet ser Soltun, huset til Anne og Ingvar Meland. Tomta til det vart skilt ut i 1933, og huset vart nok sett opp ikkje lenge etter det. Ingen bilar å sjå, men derimot ei hestevogn (karjol). Utan å vite, vil eg tippe på at biletet er frå slutten av 1930-åra eller kanskje frå 1940-åra.

Dei som hadde skog til meir enn eige bruk, hadde ei ekstrainntekt av å selje ved. Frå langt framme i bygda frakta dei veden ned til kaia på Myklebostad for vidareføring til Molde med båt. Veden vart kjøpt opp av Vedsalgslaget i Molde, og det var gjerne folk med fraktebåtar frå Tjelle som kom og leverte veden i byen.


Mvh helsing frå Randi Ingunn Selnes.

 

 

 

...