...

 

Alterduken i Vistdal Kirke

 

Har mønsteret i vår alterduk gitt inspirasjon til mønsteret i alterduken i St. Julian`s kirke i Norwich?

alterduk1.jpg

 

 

Alle sokneråd/fellesråd i Møre bispedøme er blitt oppfordret til å ta bilder av alterdukene i sine kirker. I tillegg også skrive historien rundt disse, hvem som har heklet eller brodert dem og når dette ble gjort. Ved hjelp av Anne-Marie Nerlands digitale kamera og data ble dette gjort den 8. mai 2008. Det var Målfrid Nordhaug hos Møre bispedømme som koordinerte dette: 

alterduk2.jpg


Alterduk i Vistdal kyrkje:


(Tekst: Anne-Marie Nerland) 

Storleik: 300x49 cm. 
Duken er hekla av grant bomullsgarn.
 Vi veit ikkje heilt når duken er hekla, men anslår det til 1925-1930.
 Laga av Vistdal sanitetsforening og Margrete Lien f.1898 d.1933.
 
Sanitetsforeninga i Vistdal tok på seg oppgåva med å hekle alterduk til kyrkja. Dei skulle gjere det på dugnad ved å hekle eit stykke kvar. Det gjekk som det måtte gå, ikkje alle hekla like fast og arbeidet vart ujamnt. 
Det vart då til at Margrete Lien tok på seg å gjere duken ferdig mot ei viss godtgjersle. Når ein studerer duken kan ein nok sjå at det har vore fleire ”kunstnarar” inne i bildet.

 

 

 

 

Den 7. mai 2009 fikk soknerådet en e-post fra Målfrid Nordhaug som hadde vært i England på språkreise. Innholdet i e-posten syntes vi både var morsomt og interessant:

 

”Hei!
Sender dette bildet til soknerådet i Vistdal: Er det ikkje noko kjent med denne duken???

alterduk3.jpg


Eg har hatt to veker på spåkskole i England (slik kan jo pensjonisttida nyttast!), i Cambridge. Utruleg spennande og nyttig! Lørdag 25.4. drog eg til byen Norwich, vel ein times togreise frå Cambridge. Der var det mellom anna to kyrkjehus som sto på lista mi over severdigheiter som eg hadde lyst til å sjå. Den eine var St. Julian's kyrkje. Og kva ser eg med det same eg kjem inn i den vesle kyrkja? Same alterduk som den frå tidleg 1930-talet i Vistdal kyrkje! Duken i Norwich var hekla med svært tynt garn, så den ser mindre ut, men er tydeleg same mønster. Denne kyrkja er katolsk, eg snakka med ei av nonnene om kor gamal deira duk kunne vera, noko ho ikkje visste. Men kyrkja var delvis øydelagt under krigen og er bygd opp att etter den tid, så då er kanskje duken også etter krigen.

Julian var einebuar som levde her, 1342-1413, (kanskje levde ho litt lengre). I dei seinare åra har hennar bodskap/teologi på nytt vorte aktuell i England.
 
Syns dette var moro, så eg sender bildet til dykk!
 
Målfrid Nordhaug

 

 

 

 

 

 

...