...

 

Bjarne Lien – bygdas egen spellemann!

Publisert 11.06.2009

 

bjarne_550.jpg

Vi er mange som gleder oss til et gjensyn med vår egen komponist og spellemann Bjarne Lien på scenen ved Sekkjepåsedagen den 20. juni! Det er noen år siden Bjarne herjet Norsktoppen med "Mardalsfossen", men mange både i og utenfor bygda vil nok lett dra kjensel på både den og mange andre – vi gleder oss til å trampe takta!

 

Flere av melodiene er gjengitt i noteheftet "Mardalsfossen og andre gammaldansmelodiar av Bjarne Lien", heftet er å få kjøpt her.

 

 

Her kan du lytte til en smakebit fra tre av dem:

Your browser does not support JavaScript...


   

Your browser does not support JavaScript...

 
   

Your browser does not support JavaScript...

 
   

 

 

Flere smakebiter fra utgivelsene hans, her kan du også kjøpe låtene enkeltvis:

(Klikk på "lytt"-knappen bak hver låt)

 

Bjarne Liens kvartett: Dans på Romsdalstunet (1973)

Bjarne Liens kvartett: På bygdavis (1975)

Bjarne Liens kvartett: Svingom på gamlemåten (1978)

Ola Opheim & Bjarne Liens kvartett: På gammeldansens vegne (1981)

Ola Opheim & Bjarne Liens kvartett: Rallarslåtter fra Raumabanen (2001)

 

 

 

Norild forlag skriver følgende om Bjarne Lien:

 

 

bjarnelien_notehefte.jpgBjarne Lien

– spelemannen som skapte norsktoppslager av "Mardalsfossen" i polkatakt.

 

Romsdalingen Bjarne Lien er eit velkjent navn innan den gamle dansemusikken. Han begynte i unge år på trekkspelet og fatta spesielt interesse for Oddvar Nygaard sin musikk. Her var nettopp den melodiføringa og takta som han satte pris på og som ble inspirasjon til korleis han skulle spele. Det viste seg tidleg at han hadde ei åre for å skape eigne melodiar.

I bygda blei folk merksame på den talentfulle ungdomen og snart gjekk jungeltelegrafen vidare ut i distriktet.

Bjarne Liens kvartett med trekkspel, fele, bass og gitar, blei populært innslag rundt på samfunnshus og ungdomshus og etterkvart kom han inn på NRK sine sendingar, i Møre og Romsdal, og på riksnettet.

Plateinnspelingar var neste steget, bl.a. saman med storspelemannen Ola Opheim og Rauma Spelemannslag som på den tida blei leia av legendariske Ole Wenge. Dei reiste til Danmark og Sverige og Amerika og spelte for begeistra tilhøyrarar.

Bjarne Lien var blitt eit etablert namn og ble engasjert til festivalar og kalla til dommaroppgåver. Gjennomalle år har han halde på den spelestilen som fenga i ungdomsåra, og ein kjenner lett att detfine suget som ligg i slåttane hans. I dette heftet har vi samla dei fleste melodiane han har laga. Her er bl.a. polkaen "Mardalsfossen" som også låg inne på Norsktoppen!

– Eg hadde aldri tru på at melodiane mine var noko tess, difor vart det eit kraftig puff framover då Oddvar Nygaard spelte inn fem av dei på plate.

Bjarne Lien er ikkje kjent for å framheve seg sjøl verken som spelemann eller komponist. Men vi forstår at det også var til stor glede då Sven Nyhus tok opp av melodiane på sitt repertoar.

I alt er det blitt 6 LP-plater samt 1 CD der Knut Kjøk er med på fele. I den fyrsta kvartetten var Unni Staurset frå Molde med på fela. Eit samarbeid som bl.a. førte til 3 LP-plater og mange radiosendingar.

Storsuksessen "Mardalsfossen" blei spelt i NRK fyrste gong i 1970 og var knytta til ei nasjonal hending. Striden sto om utbygging av Mardalsfossen for kraftproduksjon. Motstandarane av regulering tapte, men begge sider lytta til den fengande melodien til minne om Europas høgste frie fossefall.

Bjarne har i alle år høyrt til amatørmusikarane sine rekker. Den daglege jobben sidan 1969 har vore å vere bussjåfør. Speling ute på arrangement er det blitt mindre av, men utan at interessa er blitt redusert. Nær kontakt med tradisjonsmusikken er blitt ein del av livsstilen og framleis skaper han nye melodiar.

Etter ønske frå mange har Norild gleda av å kinne gi ut dette noteheftet som gir fleire sjansen til å lære desse festlege slåttane i gammal stil!

 

Mange av melodiane i dette noteheftet er spelt inn av komponisten Bjarne Lien i lag med felespelaren Knut Kjøk på CD-plata "Trollstiggubben" (Norild-CD 156).

 

Ørskog 30. juni 2003

Kjell Opsal

 

 

 

 

...