...

 

16,2 mil for Unicef!

 
Hanset Sand og Nesset Sparebank må ut med til sammen 3240 kroner, etter imponerande innsats av skuleelevar og barnehagebarn i Vistdal. Yngste deltakar var eitt år, og ho klarte naturleg nok ikkje like mange rundar som sjuendeklassingane. Gjennomsnittet var like fullt på imponerande 11,2 rundar, noko som utgjer 5,6 kilometer per deltakar. Det skal her nemnast at også seks elevar frå Eresfjord tok turen for å vere med på skulejoggen i år. For kvar runde skulle sponsorane legge ti kroner i potten. Nesset Sparebank for dei første 150 rundane, Hanset Sand for dei resterande.
 
Dette er tredje året at Vistdal skule arrangerer Skulejoggen. Elevrådet plukkar ut kven dei innsamla pengane skal gå til, og i år var det Unicef sitt prosjekt ”Schools for Africa” som vart mottakar. Før løpet heldt elevrådet ein appell der dei fortalte om kor mange barn i verda som ikkje får gå på skule. Dette må ha virka særs motiverande, innsatsen tatt i betraktning. I tillegg til sponsorkronene, vart det samla inn over 2000 gjennom frivilillig startkontigent og private sponsoravtalar. Vistdal skule fekk dermed inn over fem tusen kroner på årets solidaritetsløp.

 

DSC_0437edited.jpg

DSC_0445edited.jpg

DSC_0449edited.jpg

DSC_0535edited.jpg

DSC_0549edited.jpg

DSC_0562edited.jpg

DSC_0599edited.jpg

 

Tekst og bilder: Marit Berg Øien

 

 

 

 

...