...

 

Haustfest 2013

 

Ørn 4H si haustfest vart arrangert laurdag 9.11. på Vistdal samfunnshus. 15 medlemmar stilte ut, og samtlige fekk prosjekta sine godkjent. Christina Fredvig-Erichsen mottok plakettnåla etter fullført 4H-løp og vil motta sjølve plaketten på fylket sitt årsmøte.

I tillegg til flotte prosjekt og utstillingar, var det tradisjon tru underhaldning av medlemmane. Sketsjar høyrer alltid med, og her var det både gamle klassikarar og nyskrevne. André Bergset har hatt gitar som 4H-prosjekt dette året, og han spelte og sang "Knockin`on heavens door" saman med koret sitt. Dans var Sara Fredvig-Erichsen sitt prosjekt, og som klubbaktivitet hadde ho koreografert og saman med alle i klubben, øvd inn ein særs sjarmerande variant av Ylvis`"The Fox".

Mange hadde møtt opp for å få med seg haustfesta. Der var det også mogeleg å kjøpe seg sodd, kaffe og kaker. Klubben vil takke alle som støtta dei gjennom å kjøpe mat og/eller lodd.

Marit Berg Øien

 

DSC_0343edited.jpg
André Bergset og Bjørn Olav Betten hadde hatt hhv gitar og fotografering som sine 4H-prosjekt dette året

DSC_0350edited.jpg
Christina Fredvig-Erichsen fullførte sitt 4H-løp med eit prosjekt om utvekslingsåret i USA

DSC_0355edited.jpg
Mange hadde møtt opp for å sjå på utstillingane, underhaldninga og for å kjøpe seg middag og/eller kaffegodt

DSC_0349edited.jpg
Opningsnummeret var ei vellykka utgåve av sketsjen "På kafé", med Agnes Storholt Mittet og Oda Dyrhaug Bergset i hovedrollene

DSC_0360edited.jpg
Klart hode, varmt hjerte, flinke hender, god helse og klokkeklare røyster

DSC_0373edited.jpg
The Fox - eit imponerande finalenummer

 

 

 

 

 

...