...

 

Mange slags nissar i Vistdal

Dei siste dagane har vi møtt mange forskjellige nissar på og rundt Vistdal skule. Elevane satte i år opp skodespelet "Få nissen opp av senga" av Gro Dahle. Stornissen hadde lagt seg i vinterdvale fordi han meinte det ikkje var noko vits å vere nisse når ikkje folk lengre trur på eller sett ut graut til nissen. Etter ein lang og iherdig innsats frå smånissar, sutrenissar, rockenissar, legenisse og matmonsar, kom han likevel på beina og dansa jula inn ilag med dei andre. Heldigvis!
 
I tillegg til alle desse nissane, har vi hatt besøk av to snille nissar som kom med gåver og ikkje minst ei artig nissemor. Sistnemnte hadde også med gåver til barnehagebarna.
 
Vi ønskjer no nissane og alle andre ei god jul!


Marit Berg Øien

 

59-131219MØ550.jpg

60-131219MØ550.jpg

62-131219MØ550.jpg

63-131219MØ550.jpg

64-131219MØ550.jpg

65-131219MØ550.jpg

66-131219MØ550.jpg

67-131219MØ550.jpg

Alle bilder: Marit Berg Øien

 

 

 

...