...

 

SPRANG FOR SYRISKE BARN PÅ FN-DAGEN

 

Vistdal skule sin skulejogg gjekk i år til inntekt for Unicef sitt arbeid for syriske barn. Nesset Sparebank stilte på nytt opp som sponsor og la ti kroner i potten for kvar runde barna sprang, med tak på 1000 kroner. I og med at det vart lagt ned ein formidabel innsats for å springe inn pengar, kom vi langt over banken si maksgrense. Det er då flott at Hanset Sand går inn og betaler resten, dvs 1510 kroner. Elevar og barnehagebarn betalte kr 941 i (frivillig) startkontigent, så totalt vart det samla inn kr 3451 kroner til Unicef.


Skulen sine elevar sprang til saman 228 rundar, noko som gjev eit imponerande snitt på 12,7 rundar – eller over 6 kilometer per elev. I tillegg sprang barnhagebarna 23 rundar.

Vi er mildt sagt stolte over innsatsen og måten alle heia kvarandre fram på. Ein stor takk til sponsorar og alle som sprang!

 

Skulejogg2013_2.jpg

Skulejogg2013_4.jpg

Skulejogg2013_3.jpg

Skulejogg2013_1.jpg

...