...

 

VerdasBokdag-5.jpg

Verdas bokdag ved Vistdal skule

Publisert 24.04.13


Vistdal skule feira i år "Verdas bokdag" 23. april. Formiddagen var satt av til bøker og lesing, m.a. ved at dei eldste las for yngre og at elevane gjennomførte ein litteratursti. Den gjekk innom ulike forfattarar og bøker, og på nokre av postane var det fysiske utfordringar. Der skulle dei løfte som Pippi, hoppe som Ronja Røvardottar og "flyge" rumpeldunk som Harry Potter. Til slutt teikna alle ein litterær favoritt, før det vart felles lunsj for alle skule- og førskuleborn.

Verdas bokdag byggjer på ein gammal tradisjon frå Barcelona. Der er det tradisjon for å sette byen i bokas teikn denne dagen. I Noreg har ein feira Verdas bokdag sidan 1997. Dagen blir m.a. markert av bokhandlarar, bibliotek og skular. 

 

VerdasBokdag-1.jpg

VerdasBokdag-2.jpg

VerdasBokdag-3.jpg

VerdasBokdag-4.jpg

 

 

...