...

 

4H-logo2010.jpg


Til alle i Ørn 4H, medlemmar og foresatte. 

INFORMASJON OM VÅREN 2013

Etter ein roleg periode, går vi no inn i nokre aktive 4H-veker. Her kjem det ei lita oversikt som viser det som skal skje.  

 

4H-plan2013.gif

 

Klubblokalet

I tillegg til desse aktivitetane, håpar vi å komme i gang med å male/pusse opp det som skal bli klubblokala våre snart. Maleutstyret er på plass, og så snart det er klart til dugnad, vil det komme eigne meldingar om dette.

 

Fotokonkurranse i april: "Vårteikn"

Følg med på www.4h.no sine nettsider. Der kjem det kvar månad ut ny informasjon, m.a. om kva som er månadens fototema. Alle fotointeresserte medlemmar kan sende inn bilete og delta i konkurransen.

 

Fylkesleir på Gjermundnes, 27.-30. juni

Dei som har lyst å delta på fylkesleiren bør prate med andre og prøve samle ein leirgjeng frå Ørn, inkludert vaksne som kan bli med.

 

Støtt Ørn 4H med din Grasrotandel!

Alle som tippar hos Norsk Tipping må gjerne gje sin Grasrotandel til Ørn 4H. Vårt organisasjonsnummer er 892779872.

 

4H-dagen og vaktordninga ved Coop Vistdal:

Vi deler timane og medlemmane i to og ber deg møte på oppsatt tid. Du kan eventuelt bytte med nokon andre viss det passar betre. (- Antje denne dagen)

kl 11:00-13:00 Bård H., Anna, Malin, Sara, André, Elias, Trym
kl 13:00-15:00 Maria H.D., Mabele, Asbjørn, Agnes, Vilde, Oda, Bjørn Olav

 

Vil du sove ute natt til 5. mai?

4H ønskjer å få flest mogleg til å sove ute mellom 4. og 5. mai. Viss Ørn sine medlemmar skal få gjere dette, treng vi hjelp frå foreldre/andre vaksne. Vi tenkjer oss ei vaktordning der to vaksne er saman med medlemmane, med eit vaktbytte rundt midnatt. Kan du eventuelt tenkje deg å gå heile natta er det sjølvsagt heilt i orden.

Viss det lar seg organisere, vil dei som har lyst og får lov, møtes ved Grillbua på Bergset, kl 19. Lavvoen blir basen vår, men grille skal vi gjere i grillbua.

Styret kjem til å organisere ulike aktivitetar. Det skal vere ro seinast ved midnatt.

 

 

 

...