...

 

Skidag på Vistdalsheia

Tekst og foto: Marit Berg Øien

Publisert 05.04.2013

 

 

Skidag2013-1b.jpg

 

Tradisjonen tru gjennomførte Eresfjord og Vistdal barne- og ungdomskule sin skidag på Vistdalsheia. Torsdag 4. april starta med snøver, men etter kvart skein det opp og vart strålande – på alle måtar.

 

Skidag2013_4b.jpg
Ein strålande dag i fantastiske omgivelsar.


Før lunsj var elevane delt inn etter alder og gjennomførte ulike skiaktivitetar:
Småskulen hoppa, rente med knebøy og øvde på fiskebein. Mellomtrinnet trente klassisk skiteknikk og gjennomførte skiskytarstafett, medan ungdomsskuleelevane fekk opplæring i spjelking og skred.

 

Skidag2013_2.jpg
Spreke vistdalselevar på veg mot "Enkjå".


Etter matpausen gjekk det mest i aking og hopp for dei minste. Dei eldre kunne velgje mellom langrenn i skianlegget eller tur opp på "Enkjå". Med nysnøen som hadde komme var det flotte forhold for alle aktivitetane, og positive elevar og vaksne laga god stemning heile dagen.

 

Skidag2013_3.jpg
Blide elevar frå mellomtrinnet.

 

 

 

...