...

 

Spreke og solidariske skuleelevar!

 

Skulejoggen2012_1.jpg

 

På FN-dagen, 24. oktober, gjennomførte Vistdal skule "Skulejoggen 2012". Dette er ein årleg solidaritetsaksjon, arrangert av Landslaget Fysisk Fostring i Skulen. Dette året går pengane til SOS-Barnebyer og arbeidet med å byggje opp ein ny barnelandsby, i Mwanza i Tanzania.

 

Løypa elevane skulle springe var rundt 500 meter lang. For å styrke motivasjonen og auke kronebeløpet, var skulen så heldig å få Nesset Sparebank med som sponsor. Dei ville betale 10 kroner for kvar runde elevane sprang.

Og sprang gjorde dei – totalt 128 rundar! Det var 18 born på skulen denne dagen, noko som gav eit gjennomsnitt på 7,1 runde eller ca 3,5 kilometer per elev. Dei var tydeleg motiverte og ga uttrykk for at dei sprang for andre som ikkje hadde det så godt. Imponerande innsats på alle vis!

Elevane kunne betale ein frivillig startkontingent, og totalt samla og sprang dei inn kr 1766 til SOS-barnebyar.

Mange takk til dei som bidrog med springing, sponsing og heiarop!

 

Skulejoggen2012_2.jpg

Skulejoggen2012_3.jpg

Skulejoggen2012_4.jpg

 

 

 

 

...