...

 

Hei alle vistdalingar!

 

Gratulerer med den flotte heimesida! Eg synes det er flott med Bygdelaget og dei aktivitetane de gjer for å få oppsving og samhald i bygda. Kan sjå at det er verkeleg noko som skjer, og det er gledeleg å sjå at det også er komme nye folk til bygda.


RIS-hilsen3.jpg

Vistdalen var mitt barndoms paradis, den tida det ikkje var vanleg med utanlandsreiser. Kvar sommar, og også andre tider i året gjekk turen til Vistdalen, til bestefar og slekta elles på Nerland, tanter, onklar og syskenbarn. Bestemor døydde berre 51 år gammal, så henne fekk ikkje eg oppleve. Eitt av mine første barndomsminne er knytt til Vistdalen og Nesset. Den jula eg var knappe 3 år gammal og hadde feira høgtida hos bestefar. Det er berre vage minner frå jula på Nerland. Det som har festa seg mest er reisa i romjula til slekta på Bugge. Osvald Bugge frå Gauprøra stilte opp med skyssbåten sin for å ta oss over fjorden. Eg hadde nok aldri vore med i ein motorbåt før, og det gjorde inntrykk. Motoren kom så nær så dunkinga frå den vart dominerande. Eg hadde ikkje noko ord enno for denne lags farty i mitt vokabular, men det laga eg. I lang tid etter denne turen, hadde eg reist med ”dunkemaskin” frå Vistdalen til Bugge.

Det var alltid ei god kjensle å komme til bygda og morsslekta, ei varm kjensle eg enno kjenner når eg kjem innover. Sjølv om bestefar var enkjemann, lukta det så godt av nysteikte kveitebrød og kokt knøst (myseprim) når vi kom inn på det gamle kjøkkenet. Biletet til venstre viser bestefar, Anton Nerland, og meg sjølv i 9-årsalderen. Her besøkte han oss heime i Tomrefjorden.

RIS-hilsen2_550.jpg

For meg var det ei stor glede då eg i 1997 fekk arbeid i Nesset for å skrive bygdebok for den gjenståande delen av kommunen, og det som stod igjen var nettopp Vistdalen. Først var det nok mest ei skrekkblanda oppleving med frykt for ikkje å strekke til. Men då eg kom innover på mi første arbeidsreise, måtte eg stoppe i Tjellekleiva og sjå over fjorden og nyte synet av Vistdalen. Då seig ei ro over meg, og eg kjende glede, tenk, så heldig eg var som skulle få arbeide med bygda som alltid har stått mitt hjarte nær. Framover til 2006 dreiv eg på med dette arbeidet, og kom i kontakt med folket både framover bygda og langs strendene. Ja. eg vart vel mottatt i heimane, og dei 3 bøkene hadde ikkje blitt til utan folket si hjelp. De er stadig i tankane mine, og eg saknar vistdalingane. Heldigvis har eg bilete av dykk. Mange av dei eldre eg vart kjent med er borte, og då er det kjekt å ha bileta å sjå på. Ein kjekk stad å dra innom om eg hadde ei pause, var Bufellesskapet på Myklebostad. Mange historier vart fortalte der, og latteren klang mellom veggane.

Eg er no i fulltidsjobb med bygdebokskriving igjen, etter eit opphald på eitt år der eg var attende i jobben min i skulen i Ålesund. Eg bur framleis i Ålesund, men er tilsett i Haram kommune og skriv for ein del av kommunen som fram til 1965 høyrde til Borgund. Arbeidet der også er like kjekt, sjølv om eg ikkje har noko personleg tilknyting til bygdene. Det er stor skilnad frå Vistdalen. I området Grytastranda, Søvika og Gamlem med omegn, som eg skriv om,  var det fiskarbønder, der mennene dreiv sjøen mens koner, barn og kårfolk dreiv gardane. No er det nesten ikkje eit gardsbruk i drift, fisket har ført med seg industri og området er tettbygd, men eg lyt finne fram til det som ein gong var gardsbruk, stort eller lite. Det er der grunnlaget for historia ligg. Det var lite husmannsplassar mot det som var i Vistdalen, men mykje meir bustader.
Ser de skal til å opparbeide sti frå Kjesteinen til Samfunnshuset, eit fint tiltak. Men hugs alle dei gamle bygdevegane de har i bygda, både gjennom Botn og Brekken og ikkje minst ut gjennom Sørstranda, der de har gamlevegar både frå 18- og 1900-talet. Fine turvegar med mange kulturminne om du går forbi. Ikkje la dei gro igjen!


RIS-hilsen1_550.jpg
Med dette biletet frå kommunehuset i Nesset der eg sat før siste lanseringsfesten i 2006 og signerte band 11 av bygdeboka, vil eg sende ei helsing til alle vistdalingar! 



Beste helsing frå Randi Ingunn Selnes

 

 

 

...