Logo

 

50-årskonfirmantar 2014

 

67-140920TH550.jpg
Desse fine ungdommane vart konfirmert i Vistdal Kyrkje i 1964. Bak frå v.: Kari Krogset, Magnhild Sandnes, Anita Eikrem, Kari Myklebostad, Elsa Marie Hanset, Inger Antonie Høsteng. Foran frå v.: Odd Karsten Hanset, Sokneprest Vaale og Erling Nerland. (Bilde utlånt av Erling Nerland)

66-140920TH550.jpg
Konfirmantane 50 år etter, og ser ikkje så mykje eldre ut! Bak frå v.: Elsa (Hanset) Hoem, Kari (Myklebostad) Tjelle, Erling Nerland, Anita (Eikrem) Hasåsmyr, Odd Karsten Hanset. Foran frå v.: Kari Krogset, Inger Antonie (Høsteng) Viken og Magnhild (Sandnes) Stranden. Foto:Turid Hanseth

 

Hausttakkefest i Vistdal kyrkje 14. september. Vistdal Bygdekvinnelag hadde pynta fint med blomster, frukt og grønnsaker. Dette laga ei fin ramme rundt gudstenesta. Det var mykje som gjekk for seg denne dagen; presentasjon av årets konfirmantar som er: Malin Bergset, Vilde Roysdatter Lange, Bjørn Olav Betten, Oda Kristine Dyrhaug Bergset, Anna Hanseth Demdal og Kevin Bjerkeli Krohn. Det var òg presentasjon av 50-årskonfirmantar. Sist, men ikkje minst, var det innviing av ny alterduk som er laga av Anne Marie Nerland (innlegg om dette kjem litt seinare).

 

Turid Hanseth